Monthly Archives november 2015

nov 19, 2015

I love norwegian libraries

 

IMG_3408-3Er det eit slott? Er det ei borg? Nei, det er Fredrikstad bibliotek – kanskje eit av landets flottaste å sjå på, inni og utanpå. Men best av alt: innhaldet. Alle dei fantastiske bøkene ein kan låne – heilt gratis. Alle dei flinke bibliotekarane. Og stemninga. Ja, kva var vel livet utan biblioteka våre? Eit av dei beste velferdsgoda me har – og takk og lov for det!

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
nov 16, 2015

Kritikersalong i Fredrikstad

 

978820335934719. november deltek eg på Kritikarsalong i Fredrikstad saman med litteraturkritikar Berhard Ellefsen og forfattar og kritikar Tom Egeland. Me skal diskutere tre høgst ulike bøker: Liv Køltzows «Melding til alle reisende», Svetlana Aleksijevitsjs «Kister av sink – Sovjetiske stemmer fra krigen i Afghanistan» og Petter Stordalens «Jeg skal fortelle deg min hemmelighet». Dette blir spennande!

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
nov 14, 2015

Dagen etter 13/11

12246606_10156285692935311_7397979131670554379_nI dag tenkjer eg på mødre og fedre i ein skadeskoten by ikkje så langt herfrå, og på kor takksam eg over å bu i ein fredeleg skogkant. Men også på at ingen kan beskytte barna sine fullt og heilt, ikkje i Lommedalen, ikkje i Oslo, ikkje i Paris – og slett ikkje i Syria. Dette er utdrag frå eit dikt (Urd, 2013) som eg skreiv som relativt nybakt mor. Måtte nokon klare å hele verda, helst så snart som råd er.

 

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
nov 13, 2015

Årets siste reis for Soga om Seselja

 

IMG_3393Her ser de Soga om Seselja-gjengen, lydteknikar Jorunn Børve Eriksen, Tuva Syvertsen, Ruth Lillegraven og Rannveig Djønne på ei ferje på veg mellom Flåm og Fjaler – og årets to siste Seselja-konsertar. Vonleg får Seselja lufta seg litt i 2016 også – men no ventar lang vinterferie.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del