Monthly Archives mars 2016

mar 18, 2016

Dikt til opninga av Vossa Jazz 2016: All denne jazzen

jazz

Foto: Ingerid Jordal, Hordaland

Då eg var ei lita jente i Granvin var Voss ein verdsmetropol. Og det hippaste, kulaste og dermed mest fryktinngytande av det heile: denne eksotiske greia dei kalla VOSSA JAZZ! Biletet av Voss som har justert seg noko. Dette med Vossa Jazz, derimot, det slepper ikkje taket. Difor har det vore både prestasjonsangst og skrivesperre forbunde med å skrive noko til opninga av Vossa Jazz 2016. Kva eg til slutt skreiv? Eg måtte jo prøve å skrive jazz eg også, då! Her kjem det, jazzdiktet mitt.

ALL DENNE JAZZEN

 

lyden av

snø frå gråsida

(meir…)

Sticky
0
Share
mar 09, 2016

Nynorsk kvinnekraft på kvinnedagen

Gjettt om det var stas å få lese saman med Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug på arrangementet venelaget Samlagsrota arrangerte på Litteraturhuset 8. mars. Guri Vesaas frå venelaget leia det heile, Kjartan Fløgstad samtalte med oss – og kronprinsesse Mette-Marit innleia. Stas! Og aller mest stas at det gror så godt i den nynorske litteraturen. 7 nye namn neste 8. mars??
Her kan du sjå arrangementet på Morgenbladets nettsider. 

samlagsrota2

Sticky
0
Share