Monthly Archives mai 2016

mai 24, 2016

Verdas første Erlend Loe-dikt

Attachment-1Heldige meg har fått intervjue Erlend Loe på scenen to gonger siste året – i Odda og i Skien. Så fjetra blei eg av den kule og kloke herr Loe, at eg laga eit dikt om han, Andreas Doppler og elgen Bongo. Det blei sendt på Salongen på P2 i dag – på det som viste seg å vere Erlend Loes 47-årsdag. Gratulerer med dagen, Erlend! Diktet kan du høyre her – eller lese nedanfor.

VERDAS ALLER FØRSTE ERLEND LOE-DIKT

erlend loe

frå trondheim

han sit på tåsen

blant flinke folk

i eit flinkt nabolag (meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
mai 20, 2016

Per och Maj, Maj och Per

I dag har eg eit nytt dikt i Salongen på P2 i dag – denne gongen  om det legendariske krimparet Sjöwall & Wahlöo – dei som på mange måtar var nordic noirs mor og far. Diktet kan du høyre her – eller lese under. God helg!
standard_sjoewall_wahloo –

 

 

 

 

 

 

 

SJÖWALL OCH WAHLÖÖ, MAJ OCH PER

per och maj

maj och per

(meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
mai 14, 2016

Urpremiere på Sigd – ein poetisk konsert

alt det skal gå godt med /IMG_4702 lyt gjerast på veksande måne 

står det ein stad i Sigd, den nye boka mi, som kjem i august. Av og til kjem konserten før boka – og fredag 13. mai hadde den fantastisk flinke Benedicte Maurseth (hardingfele og vokal) og eg urpremiere på poesikonserten Sigd i Gamle Eidfjord kyrkje. Og sjølv om den ikkje kom med på biletet, var det veksande måne, altså. Allereie dagen etter var det konsert i Sentralbadet litteraturhus i Odda. No gler me oss til forsetjinga – neste konsert blir på Dei nynorske festspela i juni.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
mai 12, 2016

Dikt til opninga av Hardanger musikkfest 2016

FullSizeRender-4Ah! Lese på opninga av Hardanger musikkfest 2016 med Bergen filharmoniske orkester i bakgrunnen. STAS! Biletet syner dei to strålande musikkfestgeneralane, Tora og Therese, som syng Mellom bakkar og berg med fullt orkester til. Her er min tekst for dagen:

kvirretikvitre
seier det i trea

klirretiklirr
eier det i søljene (meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del