Monthly Archives juni 2016

jun 29, 2016

Sigd – kjem i august

SigdDen nye diktboka mi for vaksne, Sigd, blir lansert 7. august – med poesikonsert i Ulvik. Boka fortel om Endre, som veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren og fedrane før han. Som ung mann treffer han Abelone, giftar seg med henne og tek over garden. Framtida ser ljos ut – til Endre blir sjuk og sengeliggjande og garden lyt seljast. Kven er han utan retten og plikta han er fødd til? Kva skal han no leve for? Det er då bøkene kjem, frå andre sida av havet, og tek Endre med ut i verda. (meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del