Monthly Archives august 2016

aug 29, 2016

Vekas bok: Er hun din? av Nils-Øivind Haagensen

NØH omslagFramover har eg lyst å tilrå bøker som gjer inntrykk på meg – og har eit forsett om ei tilråing i veka (så gjenstår det å sjå om eg klarar leve opp til det).

Først ut er Nils-Øivind Haagensens Er hun din? Ei nydeleg bok om venskapen mellom ein mann i førtiåra og ei seks år gamal jente – og alle dei underfundige, triste og morosame samtalane deira. Ei tilsynelatande enkel bok som famnar så mykje av livet.

Heldigvis likar kritikarane boka også. Her kan du lese Aftenposten si melding og NRK si melding.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
aug 29, 2016

Sagene litteraturfestival laurdag 3.9

14080084_907048036067606_6320903326321186332_nGjett om eg gler meg til laurdag 3.9 – då skal eg bli intervjua av sjølvaste Christan Kjelstrup, mannen bak Uroens bokhandel og Uroens kokebok. Eg blir intervjua i same programpost som ein av dei flinkaste forfattarane eg veit om, Geir Gulliksen. Arrangementet inngår som ein del av Sagene litteraturfestival, på søte, vesle Sagene bok og papir. Du kan lese meir her.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
aug 29, 2016

Finfin melding til Eg er eg er eg er på Barnebokritikk.no

Eg-erBlei veldig glad for denne fine meldinga på Barnebokkritikk.no. Takksam for slike gode, grundige lesingar! Meldar Katrine Kalleklev skriv blant anna: «Det er lett å anbefale denne boka. Diktene er vakre og mesterlig skrevet. De flotte illustrasjonene spiller på lag med diktene og skaper oversikt. Boka kan fungere som en trøstebok når man er på vei til å bli ungdom. Den kan også fungere som en minnebok for alle oss som en gang har vært unge. Boka er full av hemmeligheter og erkjennelser som alle har – eller kommer til å få.»

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
aug 14, 2016

Fin mottaking for Sigd

SigdHer er nokre smakebitar frå dei meldingane som har kome til no:

“Fortjener en fullsatt bybane av lesere […] Så klanglig, så godt orkestrert, og så vakkert at den oppleves som helstøpt.” skriv Silje Stavrum i Bergens Tidende

«Store temaer behandles klart og klanglig …Endres liv blir ikke lett, og Lillegraven formidler med overveldende gehør og følsomhet dagene hans.» skriv Maya Troberg Djuve i Dagbladet

«En flott diktsamling» skriv Henning Howlid Wærp i Aftenposten. Heile meldinga kan du lese her

 

(meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
aug 14, 2016

To meldingar til Eg er eg er eg er

 

Eg er eg er eg er er mi første diktbok for barn, og har no fått to gode meldingar.

«Tilgjengelig og sjarmerende om jenta med vilt hjerte … Naturbildene, rim, og gjentakelser av ord og strofer gjør diktene rytmiske og lette å lese,» skriv Maya Troberg Djuve i Dagbladet, og gir boka terningkast 5.

Marianne Lystrup i V13415571_1794769904086959_8792361391900512745_oårt land skriv blant anna:

«Noko av det ­finaste med dikta i denne boka, er at dei gjev akt på hårfine nyansar. Ho tek barnelivet på kornet – så flyktig, svingande mellom sommarfugldans og sparkesint sorg … Den samlinga syner at også denne­ vanskelege kunsten meistrar ho. Den er ei gåve til både vaksne og born.»

Heile meldinga kan du lese her. 

Sjølv seier eg berre tusen takk – også til Mari Kanstad Johnsen for dei fine teikningane – og håpar mange vil lese boka! (meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del