Monthly Archives september 2016

sep 28, 2016

Disse dagene, dette livet. Dikt vi har sammen

antologiTordis Ørjasæter og eg har fått velje dikt til antologien «Disse dagene, dette livet» – ein diktantologi om ja, nettopp, livet. Om å vere barn, få barn, om å møte kjærleiken – men også om kvardagane, om det å vere ein del av verda, om sorg og død. 150 gamle og nye dikt. Ei flott gåvebok – tykkjer me. Og det beste av alt var å få fantastiske Tordis som mi nye, gode veninnne. Les meir om boka på Kagge forlag si heimeside.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
sep 23, 2016

Lillegravenførelesinga på Litteraturhuset

Laurdag 24.9 klokka 14.00 14462755_10157563575010311_65292559781237347_n-2held eg den såkalla Forfattarførelesinga på Litteraturhuset. Etter mykje grubling veit eg no  sånn nokolunde kva eg skal snakke om. Det blir nokså mykje om tid, forgjengelegheit, skog, gode vener, balansen mellom støy og stille, stemmene inni – og litt om husarbeid, Internett og anna elende. Og Olav H. Hauge har snike seg kraftig inn på slutten – utan dikt, med dagbok. Til dømes sa han dette om tid i 1971: «Alt flyt, siglar, tidi, me sjølve, tingi. Dette veit me. Og kloden rullar i rømdi. Me veit det. Og likevel. Lat oss stogga på den vesle staden der me er, sjå tingi, dyri, trei. Slik i dikt òg: halda fast på eitkvart, kor lite det er.» Fint eller? Meir i morgon! God helg!

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
sep 14, 2016

Vekas bok: Mattis Øybø: Elskere

Mattis Øybø er ikkje berre ein fantastisk forlagsredaktør på Tiden Norsk Forlag – noko som mellom anna har koelskereme meg til gode, han er også forfattar. Han debuterte i 2003 med Alle ting skinner, ein roman eg hugsar gjorde sterkt inntrykk på meg. Denne veka lanserer han sin fjerde roman – den første på sju år. Eg har vore så heldig å få lese Elskere, og kan berette om ein stor leseoppleving. Dette er ein roman om Mikkel, som 22. juli 2011 opplever at Anna, som han har hatt eit forhold til dei siste ti åra og vel så det, brått er borte. Død i ei ganske ordinær trafikkulukke. Ho hadde sin familie, han hadde sin, og no må han sørgje heilt utan at noko veit det – medan han leitar etter tenåringssonen, mora, namn til babysonen han kallar Mao – og kanskje mest av alt etter seg sjølv. Kven var han – kven er han – og kven skal han bli? Og kven var eigentleg Anna?  (meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
sep 14, 2016

Hjelp, eg skal på TV

ohhEtterkvart har eg fått ein del erfaring med å stå på scenen, lese dikt, samtale om skrivinga mi. Det skal eg sundag 18. september også. Men denne gongen skal det sendast på NRK TV – som ein del av maratonsendinga Dikt og forbannet løgn. Og jada, eg innrømmer at det er med ytterst skrekkblanda fryd eg ser fram til dette. Men det hyggeleg om nokon ser på, då. Trass alt. Og heldigvis er min barndoms diktar – Olav H. Hauge – representert i kåringa med diktet Kvardag. Det gjer jo det heile litt meir heimekjært. Heia OHH!

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
sep 08, 2016

Straks: Ulvik poesifestival

I morgon startar Ulvik poesifestval. Programmet kan du lese her. 14225519_1103968766325587_954881450659748098_nEg skal bådepå skulebesøk, lese opp, leie ein samtale og delta i ein samtale. Og mest av alt: eg skal vere publikum, ta inn poesi, musikk og natur. Gler meg! Dette biletet av Haugesenteret på kaien i Ulvik er teke av festivalsjef Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del