Monthly Archives oktober 2016

okt 28, 2016

Firehoda forfattartroll på besøk på Bekkestua bibliotek

27. oktober las eg på Bokprat-14581471_10153765922681557_722363254293155495_narrangementet på Bekkestua bibliotek. Veldig koseleg å lese på dette biblioteket
der eg er ein slags huspoet. Eg fekk vist fram alle fire bøkene eg har vore involvert i dette året: Sigd, Eg er eg er eg er, Å lytte til hakkespetter og Disse dagene, dette livet. Det resulterte i denne litt småartige biletserien.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
okt 27, 2016

Fin omtale av Eg er eg er eg er

Eg-erJorid Lekve Eide skriv så fint om Eg er eg er eg er på nettsidene til Haugesenteret. «Eg kjenner korleis det er å vera liten att. Korleis det er å vera dotter mi. Eg kjenner korleis det er å vera stor. Vera vaksen. Vera mor. Korleis det var å vera mi mor … Ei bok som gjev meg lyst til å setje time-out på hektiske kvardagar og tidsjag og alt det som eigentleg ikkje er det viktige. Den får meg til å hugse på at me ikkje må gløyme desse små og store tankane som lever i eit barneliv og i eit barnesinn. Ikkje gløyma å kjenna på det å berre vera til.» skriv ho blant anna.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
okt 24, 2016

Sigd-konsert på Sæveruds Siljustøl

saeverud_marie_haraldSundag 23.oktober gjesta Sigd-duoen, Bendicte Maurseth og eg, Harald Sæveruds vakre heim Siljustøl i Bergen. Det var ei oppleving å få framføre konserten i Sæveruds eiga stove. På biletet ser de Sæverud sjølv og kona Marie i hagen på Siljustøl. Huset vart bygd i 1939. Mesteparten av det er i dag museum, og det er frå Siljustøl museum eg har lånt dette biletet. Her kan de også lese eit intervju med meg om konserten. Eg håpar kome tilbake til Siljustøl etterkvart. I mellomtida skal eg kose meg med Siljustøls vakre musikk – som har vakse opp av jord og landskap.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
okt 16, 2016

Verksuka 2016 på Bærums verk – veke 42

img_3525Fredag 14. oktober opna Verksuka på Bærums verk. I veke 42 byr kunstnarane, designarane og galleria på Bærums verk på ei stor kollektivutstilling i den historiske Gassbygningen. Også eg har fått lov å vere med – med bøkene mine og eit dikt på veggen. På det rikhaldige programmet står også opne verkstader, utandørsinstallasjonar og konsert. Kunstnarane vil også demonstrere og fortelje om arbeidet sitt, og det blir installasjonar i det fri. Du kan lese meir om programmet på www.verksuka.no

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
okt 15, 2016

Terningkast 5 til Sigd i VG

14711437_10157671725650311_7384119073521338161_oEtter ein nokså lang periode utan avismeldingar av Sigd, tikka det inn ei fin lita, melding signert Arne Hugo Stølan i VG. Sigd var ein av sju 2016-titlar han framheva. Terningen var trilla ti 5 – den fjerde i sitt slag til Sigd.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
okt 05, 2016

Det kvite sløret

Hausten er her. Det er kanskje både vemodig og litt godt, tykkjer eg. Her er eit dikt frå haustens barnediktbok, Eg er eg er eg er, som  handlar om den tida 14500320_10157606694245311_4963063384064951585_ome no er inne i.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del