Monthly Archives november 2016

nov 28, 2016

Sigd og Disse dagene, dette livet på lyrikktoppen

antologi_850x1000Både Sigd og Disse dagene, dette livet – diktantologien eg har redigert saman med Tordis Ørjasæter – er inne på lyrikklista for oktober. Bok 365 har skrive om det her. Dei har også sitert det fine diktet Sneen smakte, av Gunvor Hofmo. Diktet er med i antologien vår. 

 

Sneen smakte …

 

Sneen smakte av stjerner og måne

og av granduft, fra Nordmarkas skoger

og av juletreet.

(meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
nov 28, 2016

Nytt kontor frå nyttår av

I dag har eg vor15235590_10157898208230311_8142355021374504618_oe på befaring på mitt nye kontor i Elvegangen på Bærums verk, med utsikt over elva Lomma. Lokalet er no under grundig oppussing og kjem til å bli SÅ fint. Gler meg stort til nytt år, nytt kontor – og opptil fleire nye skriveprosjekt! Ikkje minst gler eg meg til å ha denne flotte utsikta frå skrivebordet mitt. Hurra!

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
nov 22, 2016

Salongen-dikt til Juleroser 2016 frå Juleroser 2015

juleroserDenne veka kjem Herborg Kråkeviks julehefte Juleroser 2016 ut. Mandag hadde eg laga ei helsing på Salongen frå Juleroser 2015 til veslesøster Juleroser 2016Her kan du høyre helsinga. Og her kan du lese henne:

Kjære veslesøster,
Du har liksom vore så hemmeleg. Ingen skulle sjå deg og ingen skulle vite noko om deg. Men no har det byrja kome bilete av deg. Du er så lys og skjønn, sjølvsagt …  Og denne veka skal alle få sjå deg. I fjor var det meg … Etter at Herborg hadde stella og stulla og dulla med meg i ein evigheit, kom eg endeleg til verda, ein månad før jul. Fullspekka av kunst og lange dikt om kyrkjegardar. Kan dette gå bra? tenkte eg. Kven vil kjøpe meg, tenkte eg. Kjem til å bli ein gigaflopp, tenkte eg, innstilte meg på eit kort og stusseleg liv. (meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
nov 22, 2016

Nydeleg NRK-melding av Eg er eg er eg er

Dagen før Brageprisutdelinga har Anne CathEg-errine Straume meldt Eg er eg er eg er for NRK. Ho skriv blant anna: «Diktene er alle korte, de tar aldri mer enn én side hver. Alle har titler. I selve teksten er det ingen store bokstaver, ingen punktum, men noen få komma, av og til nærmest for å hjelpe på rytmen. Denne måten
å formidle teksten på gir ordene en organisk bevegelse, det bølger frem og tilbake, fra optimisme til pessimisme, fra fart og glede til savn og sorg … Ruth Lillegraven mottok Brageprisen i 2013 for diktsamlingen «Urd». I år en hun nominert i klassen for barnebøker med «Eg er eg er eg er». Med en slik gjennomarbeidet diktsamling er ikke det overraskende.»

Les heile meldinga her.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
nov 21, 2016

Sigd seld til indiske Seagull Books

ginawinjeLegendariske Seagull Books i India har no kjøpt rettane til å gi ut Sigd på engelsk. Seagull Books er eit uavhengig kvalitetsforlag som gir ut verdslitteratur i oversetjing til engelsk, med distribusjon i Storbritannia og USA, i tillegg til India. Dette er første gong noko av mine bøker blir oversett. Seagull Books lagar nydelege bøker, og eg er glad for at Sigd skal komme ut nettopp der.  Det er Gina Winje (biletet), i nystarta Winje Agency, som har stått for salet av boka. 

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
nov 17, 2016

Strålande melding til Eg er eg er eg er i Bokvennen

Eg-er«Lillegravens dikt er ganske enkelt i særklasse. De får meg til å ville insistere på en kanon i skolen. Og de tåler godt å leses igjen. I grunn blir de bedre for hver gjenlesing, særlig på grunn av alle de forbindelser og kontraster man stadig oppdager» skriv Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy i si melding av Eg er eg er eg er i Bokvennen Litterær Avis. Les heile meldinga her.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del