Monthly Archives desember 2016

des 13, 2016

Sigd på Dagsavisens liste over Årets bøker

SigdSigd kom også med på Dagsavisens oppsummering av årets beste bøker.

Kristian Wikborg Wiese skriv følgande om boka: «Vakkert og lyrisk, enkelt og likevel komplekst om et liv slik det kan ha artet seg. Lillegraven skriver fram bygda og naturen på en så levende måte at man nærmest lukter gress og løv, kjenner varmen fra sola og hører snøen som legger seg på tunet.»

Heile saka kan du lese her.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
des 10, 2016

Sigd blant meldarane sine favorittar både i VG og Dagbladet

15203260_10157966584825311_7934054244832015132_nNo er det høgsesong for kåring av årets favorittar blant litteraturmeldarane i avisene. Eg blei  glad då eg oppdaga mi eiga bok, Sigd, blant favorittane til både Guri Hjeltnes (VG) og Maya Troberg Djuve (Dagbladet).

«En vakkker diktsamling med korte, bratte verselinjer nedover og oppover idene bringer leseren fremover i det vestlandske landskpaet, i en familiesaga som strekker seg bakover og fremover. Elegant» skriv Guri Hjeltnes.

Maya Troberg Djuve skriv: «Et bevegende, klart og klanglig livsløpsdikt om odelsgutten Endres liv på 1800-tllet, formidlet med overveldende følsomhet og gehør for menneske og natur.»

Og hurra, seier eg! Håpar dette får boka til å lande under nokre fleire juletre.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
des 04, 2016

Siste Sigd-konsert for i år overstått

rl_V7A7022-2_liteSundag 27. november avslutta Benedicte Maurseth og eg Sigd-turneen for i år. No har vår vesle, poetiske konsert vore i Eidfjord, Odda, Hovdebygda, Ulvik, Bergen, Sandane, Dale i Sunnfjord og Jølster sidan midten av mai. Dei tre siste konsertane gjekk av stabelen siste helga i november. No tek me lang juleferie, faktisk heilt til 22.mars og 24.mars – då spelar me i Drammen og Oslo. Om nokon andre ynskjer besøk av oss i 2017, er det berre å ta kontak med Benedicte eller megt!

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
des 04, 2016

Lite utdrag frå Sigd på Youtube

Tiden Norsk Forlag har fått laga fine små videoar med haustens forfattarar. Her er eit ørlite utdrag frå prologen i Sigd, siste halvdel. Det er forfattaren sjølv som les, som det heiter.
SigdKlippet kan du sjå her.

Og heile prologen kan du lese her:

ALL DENNE STEINEN

alt fell
i fjorden

himmelen
fjella, lyset
blått i blått
grått i grått
vått i vått
alt i alt

alt fell
i fjorden

 

 

(meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del