Monthly Archives mars 2017

mar 31, 2017

Eg er eg er eg er Årets vakreste!

Gratulerer med gull til den fantastisk flinke illustratøren Mari Kanstad Johnsen i  Årets vakreste bøker – klassen for Barn og ungdom – for «Eg er eg er eg er»! Gratulerer også til Mari og Torill Stranger for sølv i klassen for beste omslag for same bok. Heldige meg – tenk at nettopp de to ville lage illustrasjonar og design til dikta mine! Ja, og gratulerer og takk også til Ragnfrid Trohaug og Erling Vindheim på Samlaget som sørga for at denne boka blei så fin! Les meir her.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
mar 28, 2017

Eit brev til Benny Borg – frå gitaren hans

I helga kunne du høyre helsinga til Benny Borg frå gitaren hans på Salongen – ført i pennen av underteikna. Du kan høyre programmet mednrk-p2-salongen Benny Borg her. Og du kan lese brevet til Benny under her, om du vil.

Kjære Benny,
Eg er glad du framleis held koken. Du veit vel at du er blitt 70 år. Over 70 år, faktisk. Det er ein ganske anstendig alder, det. Du kunne vald å berre vere pensjonist no. Berre sove lenge, gå tur, lese avisa og drikke kaffi og sjå TV og spele golf eller kva det no er pensjonistar gjer. Men det er klart, det ville blitt kjedeleg for deg. Og aller mest for meg. Så eg er glad til.Og det er jo eg som har masa på deg. Om å gjere noko nytt. Flott med Johnny-Benny, Elvis-Benny og Cornelis-Benny og Evert-Benny, har eg sagt. 3500 gonger med Elvis Presley, til dømes. Kjempefint. Kost meg kvart sekund. Så bra at du løftar dei fram, bles nytt liv i dei. Men eg saknar Benny-Benny, har eg sagt. (meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
mar 28, 2017

Til Sogndal, til Sogndal

Torsdag 30. mars skal eg besøke vakre, vene Sogndal. På formiddagen blir det opplesing i biblioteket frå småbarnsbøkene om Mari og Magnus. Ein barnehagkulthusnye kjem for å høyre på. Etter eit lite besøk på Høgskulen der eg skal snakke for nokre studentar om boka Å lytte til hakkespetter. Naturen som terapeut, blir det bokkveld på biblioteket 19.00. Der vil eg fortelje om arbeidet mitt og lese frå dei ulike bøkene mine – truleg med hovudvekt på Urd, Manilahallen og Sigd – men kanskje blir det også nokre dikt frå barnediktboka
Eg er eg er eg er. Eg gler meg!

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
mar 23, 2017

Podcast frå Litteraturhuset

16864675_10154151934880723_4355030291825910190_nI februar hadde eg gleda av å intervjue Gro Dahle på Litteraturhuset i Oslo – om hennar mangfaldige og fantastiske forfattarskap gjennom 30 år. Eg seier berre: for ei dame! Samtalen kan du høyre her, om du vil. Foto: Line Hillestad.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
mar 07, 2017

Dikt til Knut Hamre 3. mars 2017

Her kan du lesa diktet eg laga til Granvins eigen meisterspelemann og superpedagog Knut Hamre då han fredag 3.3 vart Kommandør av St. Olavs orden. Til lukke, gode Knut! (På biletet ser d16992378_10210793838700934_2394215612180209805_oe Knut saman med Granvinsordførar Ingebjørg Winjum. Foto: Olav Seim)

han er

ein liten gut

 

han går

frå dør til dør

og knakkar på

vil høyra ein slått

vil læra ein slått

vil kjenna eit

svev

(meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del