Monthly Archives april 2017

apr 30, 2017

Med barnediktboka mi i Diktafon

Nylig hadde eg gleda av å vere gjest hos Annelita Meinich i NRKs Diktafon saman med poet-kollega Torgeir Rebolledo Pedersen. Eg snakka om og las frå Eg er eg er eg er, han snakka om og las frå Dikt og udikt, begge bøker som kom ut i fjor. Det var stas! Om du vil, kan du høyre programmet her. Diverre er det mest truleg siste besøk i Diktafon både for Torgeir og meg – då NRK vil leggje ned dette flotte programmet frå sommaren av.

Sticky
0
Share
apr 12, 2017

Her om dagen skulle Salongen ha besøk av Elle-redaktør Signy Fardal. Av ulike årsaker – som du får forklart i programmet – ynskte dei seg ein tekst som hadde ein link til Jon Fosses forfattarskap. Her kan du høyre mitt forsøksvise svar. Eller du kan lese det under her.

Heile dagen spring eg i kring, rundt og rundt spring eg, og aldri tek det slutt, det er slik det er, det er slik det går, det er klesvask, husvask og oppvask, handling og hagestell og EU-kontroll og dekkskifte og foreldresamtalar og foreldremøte og mammamøte og Gud veit kva, det er ungar som skal stellast og leverast og hentast att, matast og stellast att, leggast og vekkast, og aldri verkar det vere nokon ende på det.

(meir…)

Sticky
0
Share
apr 02, 2017

Helsing til Agnete Haaland frå Den Nationale Scene

Ferskaste Salongen-tekst frå mi hand: ei helsing til Agnete Haaland, teatersjef på Den Nationale Scene i Bergen. Det er teateret sjølv som helser.
Du kan høyre teksten her. Eller du kan lese han her:

Kjære Agnete. Dette er Den Nationale Scene som snakkar til deg! Du veit det, Agnete, at då du byrja, var det så mykje snakk om at du var den første KVINNELEGE teatersjefen her. Som om ikkje det har vore kvinner her før. Det har det jo. Haugevis av kvinner, i alle dei år. Kvinner som skriv og dramatiserer og regisserer – for ikkje å snakke om alle dei som står på scena! Ok, så har det ikkje vore nokon i din stol, men me har klart oss bra, og det var aldri slik at me gjekk kring og drøymte om at det skulle kome ei langhåra hulder med flagrande fargerike klede og frelsa oss, liksom.   (meir…)

Sticky
0
Share