Monthly Archives mai 2017

mai 31, 2017

Heldige meg! Festivalpoet på Hardanger musikkfest 2017! Dei neste dagane skal eg få opptre saman med særs dyktige musikarar på forsommerens vakreste eventyr. Gler meg ikkje minst til å halde konsert med Sigbjørn Apeland sundag morgon. Musikalske perler i fleng, rikhaldig program og vakker natur: håpar mange tek turen til Hardanger i pinsen! Tvi tvi til dei to superarrangørane Therese Birkelund Ulvo og Tora Augestad (bildet er frå opninga i fjor) og alle deira dyktige hjelparar! Her kan du lese meir om festivalen 

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
mai 13, 2017

Nynorsk Litteraturpris 2016 til Sigd

Fredag 12. mai blei Nynorsk Litteraturpris 2016 utdelt – og den gjekk til Sigd! Juryen sa mellom anna dette: Dette er ei sterk og fascinerande diktsamling som på originalt vis teiknar opp ein lagnad, og viser oss korleis kvar og ein av oss er ein del av noko større, samstundes som ein aldri kan bli noko anna enn den ein vart. Les meir om tildelinga her. 

 

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del