Monthly Archives juni 2017

jun 16, 2017

På tur til Montebello-hytta

vaknar i overkøya
set meg opp og ser rett ut
i det grøne, ut i det fri, og ingen
stad i verda er det meir virrevakkert
enn her på hytta, to timar heimanfrå, opp
gjennom skogen, opp og fram, opp og bort
svingande sti og bølgjande skog, inn i det
løyndomsfulle, til vi er framme på vollen
med flaggstonga og glatte berget, med
moen og solveggen, på hytta som
pappa og kompisane bygde då
dei låg her inne, då dei var
gutta på skaugen (…)

Denne veka fekk eg for tredje gong gleda av vere med til eit lite paradis i skogen over Lommedalen: Montebellohytta, her skildra i Manilahallen (2014) – ei bok basert på livet til Berit Bjerke. Takk for turen til Berit og mannen Einar!

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
jun 16, 2017

Takk for meg til fantastiske Hardanger musikkfest

Pinsehelga hadde eg gleda av å vere med på Hardanger musikkfest. Under kan du lese diktet eg skreiv til avslutninga av festivalen, Oppskåka – eit prateprogram med dei to dyktige arrangørane Therese Birkelund Ulvo og Tora Augestad (biletet). Heldige meg hadde elles gleda av å jobbe med dyktige musikarar som Bengt Forsberg (klaver), Birgitte Christensen (sopran), Håvard Lund (bassklarinett) og Sigbjørn Apeland (trøorgel). Ei stor oppleving!

NYBROTT II

frå lofthus
til kinsarvik
til eidfjord
til agatunet
til tyssedal
odda og
jondal (meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del