Monthly Archives september 2017

sep 29, 2017

Sigd-dikt seint i september

PÅ BLÅHAVET (frå Sigd, 2016)

det er 
haust i skogen
snart er det vinter
snart skal skogen

sove så stille
og svart

men enno bølgjer
og blafrar han, enno
glitrar og glimer han
enno glør og blør
og brenn han

(meir…)

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
sep 29, 2017

Eg er eg er eg er – nominert til Barnas bokpris 2017 i Bergen

Kvart år kårar barn på 5.-7.trinn i Bergen kommune Barnas bokpris – Barnas favorittbok i Bergen, saman med Bergen offentlige Bibliotek. I år har biblioteket nominert mi bok Eg er eg er eg er – saman med Iben Akerlies Lars er LOL, Lars Joachim Grimstads Statsminister Fahr & Sønn – Egoland, Bjørn Arild Erslands Hvor gammel blir en tiger?, Bjørn Ingvaldsens Far din og Aleksander Kirkwood Brown Kong Grimms hevn. No i haust les elevane bøkene, og etter leseperioden stemmer dei fram vinnaren. Stas å vere nominert!

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del
sep 29, 2017

Haustens første Salongen-dikt – til Olaug Nilssen

Få bøker har gripe meg slik Olaug Nilssens nye roman Tung tids tale gjorde då eg las den nokre morgontimar førre laurdag. Sterk, sannferdig, imponerande, rørande, vond, velskriven, viktig – you name it! All merksemd og alle godord denne boka har fått er så inderleg vel fortent. Dette er ei bok mange – eller helst alle – burde lese. I dagens Salongen kan du høyre Olaug snakke klokt og interessant om boka. Med på kjøpet får du eit slags dikt til henne frå bilen hennar – med underteikna som mellomkvinne. Og her kan du lese meir om boka Tung tids tale

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
Del