Wow! Etter 12 framsyningar blir poesikonserten Sigd plutseleg anmeldt. Særs fin omtale av Nils Kvamsdal i Hordaland – lokalavisa for Voss og omegn. Han skriv blant anna «Benedicte Maurseth er ein mester. Ein meister til å lytta, ein meister til å skapa dei vibrasjonar ho fangar om til stemningar og fargar. Ho, fela og røysta er eitt … Ruth Lillegraven er på si side ein meisterleg opplesar. Klårt og tydeleg ber ho fram teksten, og med enkel dramaturgi formidlar ho det dramaet som utspelar seg på småbruket mellom himmel og hav. Dei milde orda skjer som ein sigd.» Takk til supermakker Benedicte Maruseth for all moro siste halvanna året – no sist på Voss laurdag og i Flåm sundag. Takk også til skodespelar Gard Skagestad som har hjelpt oss med regi. Om nokon vil ha oss tek me gjerne eit par konsertar i 2018 også!
Salongendikt om gamle hus
I dag var Ingjerd Egeberg gjest i Salongen. Eg bidrog med eit dikt – denne gongen om gamle hus. Du kan høyre diktet på Salongens nettsider.
Eller du kan lese det her.
gamle hus
seier tikk takk
romma deira seier
tikk takk tikk takk
tikk takk tikk takk
og inni veggane
langt inni dei gamle
brune veggane, der
seier det tikke-
tikke-takke
-takke
gamle hus har levd
i mange år (meir…)
Barnediktboka Eg er eg er eg er på internasjonal liste
Hurra! Barnediktboka mi, «Eg er eg er eg er» er valt ut til Internationale Jugendbibliotheks liste The White Raven over det dei meiner er dei beste barne- og ungdomsbøkene internasjonalt. Bøkene blei presentert på bokmessa i Frankfurt. Måtte det bety at boka får fly med ravnen ut i verda! Gratulerer også til Mari Kanstad Johnsen som har laga dei fine illustrasjonane! Her kan du lese meir om lista.
Salongendikt til Tordis Ørjasæter
Mi fantastisk fine veninne Tordis Ørjasæter (90) er aktuell med ny bok, Kjærligheten har sitt eget språk. Fredag var ho i Salongen på P2 for å snakke om denne – og om masse anna. Med seg fekk ho sjølvsagt ei lita dikthelsing frå meg.
Høyr Salongen med Tordis her. Du kan også lese diktet under.
ho er ei vaksen dame
nei, ho er
ei gamal dame
— ei riktig gamal dame
som er så lett, så lett på tå
men som ikkje lenger torer (meir…)
Gratulerer med 1-årsdagen, Winje Agency
Er så stolt av min dyktige utlandsagent, Gina Winje! I desse dagar i 2016 starta ho Winje Agency. Eitt år etterpå har ho fått ei rekkje nye forfattarar i stallen, akkurat seld ei bok om sopp og sorg til 6 land, har lansert ny nettside og er på veg til bokmessa i Frankfurt. Les meir på den fine nettsida til Winje Agency.