Monthly Archives november 2017

nov 10, 2017

Fin melding til gjendiktinga av Marie Lundquist dikt

Den ferske gjendiktinga av Marie Lundquists dikt, Eg og ho eg kunne ha vore, fekk i dag veldig fin omtale i Morgenbladet. Under overskrifta «Et syrlig og sørgmodig sirkusfølge» skriv Carina Elisabeth Beddari blant anna: «Døden og den ulykkelige kjærligheten skildres like surrealistisk som sorgtungt i Marie Lundquists poesi … Like fullt er Lundquists billedspråk rent ut livsbejaende i sin oppfinnsomhet og sitt vidd. Å lese henne er som å møte det sirkusfølget hun sammenligner en elskers ´tunge bagasje´ med – man lengter etter å ´få høyra til hans framande art».

Sticky
0
Share
nov 06, 2017

CALLY – mitt første teaterstykke!

8. mars skal mitt første teaterstykke ha premiere! Det har fått namnet CALLY – og handlar om songerinna, forfattaren og teatersjefen Cally Monrad. Ingeborg Sundrehagen Raustøl skal spele Cally Monrad, og Maren Bjørseth skal ha regi. I arbeidet med stykket har eg fått kjempegod hjelp av dramaturg Ingrid Weme Nilsen. Du kan lese meir om stykket og Cally Monrad her.

Sticky
0
Share
nov 05, 2017

Mi første gjendikting: svenske Marie Lundquist til norsk

Eg har fått lov å gjendikte eit utval dikt av den svenske poeten Marie Lundquist. Alle dikta er frå hennar tre tidlegaste diktsamlingar. Det har vore eit stor glede å gjendikte desse flotte dikta. Du kan lese meir – eller bestille- boka hos Samlaget.

Her står det blant anna: «Dikta til Lundquist uttrykkjer lengt, smerte og sensualitet, og språket hennar er både klart, friskt og leikent. Ho nærmar seg tema som kjærleik, parforhold og død med ein humoristisk og omsynslaus tone, og mange av tekstane rører seg over i eit draumeaktig og surrealistisk landskap. Utvalet i denne boka er basert på Marie Lundquists tre første bøker, og med denne boka blir Lundquist for første gong presentert på norsk.»

Etterord ved Steinar Opstad

 

 

Sticky
0
Share