Monthly Archives april 2018

apr 12, 2018

Cally – også i mai

No også i mai månad! CALLY – framleis med den fabelaktige Ingeborg Sundrehagen Raustøl i hovudrolla og med regi av geniale Maren E. Bjørseth – har fått tildelt 5 kveldar i mai også – i tillegg til dei seks som gjenstår i april. Mange moglegheiter for dei som enno ikkje har sett, altså! Sjå alle datoane her.

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
0
Share
apr 02, 2018

CALLY: Tommel opp frå Morgenbladet – og nye framsyningar

Morgenbladet likte også Cally, og skreiv blant anna: «Et humoristisk hurtigtog av en forestilling om det begivenhetsrike livet til Det Norske Teaterets første kvinnelige teatersjef … Cally var en talentfull sanger som ublygt markerte scenen som sitt territorium. Det samme gjør hovedrolleinnehaver Ingeborg Sundrehagen Raustøl.» står det blant anna i meldinga, som du kan du lese her. 

Dessutan har Det Norske Teatret lagt ut fem nye framsyningar i mai, i tilegg til dei som opphaveleg låg ute. Du kan sjå heile oversikten her. 

 

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
0
Share
apr 02, 2018

Sigd seld til to nye land – kjem ut på fransk og spansk

SIGD er no seld til 2 nye land, og skal kome ut på fransk (Edition LanSkine) og spansk (Trilce, Mexico). Tusen takk til verdas flinkaste og mest hardtarbeidande agent, Gina Winje i Winje Agency, til Oliver Møystad i Norla og til Juan Christin Gutierrez – som på eige initiativ har omsett boka til spansk. Og allereie til hausten kjem den engelske utgåva på det indiske forlaget Seagull. Stas at ei diktsamling som handlar om ein småbrukar på Vestlandet på 1800-talet skal ut i den store verda!

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook
Sticky
0
Share