Monthly Archives juni 2018

jun 27, 2018

Sigd seld til 4 land!

 

Sigd ut i verda på 4 språk! Til hausten kjem diktsamlinga mi Sigd (2016) på engelsk og spansk. Den franske utgåva er venta neste vår medan Azul Press i Nederland nettopp har kjøpt boka. Stas at den no skal kome ut på nederlandsk, det opprinnelege språket til mor mi. Forfattaren sjølv synst det er rørande at boka om Endre får reise ut i verda, når småbrukarsonen Endre i boka aldri fekk reise nokon stad, slik han drøymer om. Det blir spennande å sjå dei ferdige bøkene etterkvart.

Tusen takk, kjære superagent Gina Winje!

Sticky
0
Share