Vekas bok: Er hun din? av Nils-Øivind Haagensen

Framover har eg lyst å tilrå bøker som gjer inntrykk på meg – og har eit forsett om ei tilråing i veka (så gjenstår det å sjå om eg klarar leve opp til det).

Først ut er Nils-Øivind Haagensens Er hun din? Ei nydeleg bok om venskapen mellom ein mann i førtiåra og ei seks år gamal jente – og alle dei underfundige, triste og morosame samtalane deira. Ei tilsynelatande enkel bok som famnar så mykje av livet.

Heldigvis likar kritikarane boka også. Her kan du lese Aftenposten si melding og NRK si melding.