No også i mai månad! CALLY – framleis med den fabelaktige Ingeborg Sundrehagen Raustøl i hovudrolla og med regi av geniale Maren E. Bjørseth – har fått tildelt 5 kveldar i mai også – i tillegg til dei seks som gjenstår i april. Mange moglegheiter for dei som enno ikkje har sett, altså! Sjå alle datoane her.
CALLY: Tommel opp frå Morgenbladet – og nye framsyningar
Morgenbladet likte også Cally, og skreiv blant anna: «Et humoristisk hurtigtog av en forestilling om det begivenhetsrike livet til Det Norske Teaterets første kvinnelige teatersjef … Cally var en talentfull sanger som ublygt markerte scenen som sitt territorium. Det samme gjør hovedrolleinnehaver Ingeborg Sundrehagen Raustøl.» står det blant anna i meldinga, som du kan du lese her.
Dessutan har Det Norske Teatret lagt ut fem nye framsyningar i mai, i tilegg til dei som opphaveleg låg ute. Du kan sjå heile oversikten her.
Sigd seld til to nye land – kjem ut på fransk og spansk
SIGD er no seld til 2 nye land, og skal kome ut på fransk (Edition LanSkine) og spansk (Trilce, Mexico). Tusen takk til verdas flinkaste og mest hardtarbeidande agent, Gina Winje i Winje Agency, til Oliver Møystad i Norla og til Juan Christin Gutierrez – som på eige initiativ har omsett boka til spansk. Og allereie til hausten kjem den engelske utgåva på det indiske forlaget Seagull. Stas at ei diktsamling som handlar om ein småbrukar på Vestlandet på 1800-talet skal ut i den store verda!
Fleire gode meldingar til CALLY på Det Norske Teatret
Torsdag var det premiere på mitt første teaterstykke, Cally. Mottakinga så langt har vore strålande.
Til Brumunddal med Vigdis Hjorth og Ingvild Rishøi
Fredag 16. mars går turen til Brumundal bibliotek der eg skal delta på arrangement «Kvinnelige stemmer» saman med Vigdis Hjorth og Ingvild Rishøi, leia av Arnhild Skre. Det gler eg meg til!
Seseljas songar – urpremiere i Fredrikstad – NY DATO: 7/6
Kjempestas at dikt frå Urd (2013) er tonesett av Kjell Habbestad og skal framførast av sopran Helga Størdal på Litteraturhus Fredrikstad 7.6 (ikkje 22.3, som tidlegare annonsert). Les meir om prosjektet her.
Artikkel om CALLY i Dagsavisen
Eg var for første gong innom prøvane på CALLY i dag. Veldig spennande å sjå stykket få liv. Gler meg til premieren 8. mars. Dagsavisen har snakka med regissør Maren Bjørseth og meg om stykket.
Sigd på Mammut
No er Sigd, diktboka mi frå 2016, snart å finne på Mammut-salet til redusert pris. Bok 365 tilrår den og fire andre diktbøker på Mammut her.
Håpar Endre og Abelone får mange nye vener den neste tida!
Prøvane i gang på CALLY – premiere på Det Norske Teatret 8. mars!
8. mars er det klart for premiere på mitt første teaterstykke, Cally på Det Norske Teatret. Ikkje berre er premieren på kvinnedagen, det er eit nokså kvinneleg lag bak stykket: Maren Bjørseth på regi, Matilde Holdhus og Ingrid Weme Nilsen som dramaturgar og Ingeborg Sundrehagen Raustøl i hovudrolla som Cally. I dei andre rollene: Petter Winther, Eivin Salthe og Espen Reboli Bjerke.Eg gler meg!
Fin melding til gjendiktinga av Marie Lundquist dikt
Den ferske gjendiktinga av Marie Lundquists dikt, Eg og ho eg kunne ha vore, fekk i dag veldig fin omtale i Morgenbladet. Under overskrifta «Et syrlig og sørgmodig sirkusfølge» skriv Carina Elisabeth Beddari blant anna: «Døden og den ulykkelige kjærligheten skildres like surrealistisk som sorgtungt i Marie Lundquists poesi … Like fullt er Lundquists billedspråk rent ut livsbejaende i sin oppfinnsomhet og sitt vidd. Å lese henne er som å møte det sirkusfølget hun sammenligner en elskers ´tunge bagasje´ med – man lengter etter å ´få høyra til hans framande art».