Kontakt

rl farge_V7A7126

Eg er fødd i 1978, og kjem frå Granvin i Hardanger, der eg voks opp på ein fruktgard like ved Granvinsvatnet.

No bur eg i Lommedalen i Bærum saman med ektemann Thomas, tvillinggutar på 5 år, og to bonusbarn.

Eg debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. I 2011 kom romanen Mellom oss og to år seinare diktsamlinga Urd. Denne boka vann Brageprisen 2013 i klassen for skjønnlitteratur og fekk også Bokbloggarprisen i open klasse. Året etter kom den biografiske diktsamlinga Manilahallen, og i 2016 kom Sigd. 

I tillegg har det blitt fire bøker for små barn, om søskenparet Mari og Magnus.

I august 2016 kom mi første diktsamling for barn, Eg er eg er eg er, og Sigd, som er dikt for vaksne.

Å samarbeide med musikarar og kunstnarar er blant det eg likar aller best å gjere som forfattar – og eg har turnert med to poesikonsertar, Urd (saman med Rannveig Djønne og Tuva Syvertsen) og Sigd (saman med Benedicte Maurseth) – sjå meir under Poesikonsertar. Eg har også stor glede av å samarbeide med kunstnarane på Bærums verk der eg leiger kontor.

Frå 2001 til 2007 var eg informasjonsansvarleg i Det Norske Samlaget, før arbeidsplassen dei neste åtte åra var kommunikasjonsavdelinga i Samferdselsdepartementet.

Sidan juni 2015 har eg vore forfattar og frilansar på heiltid.

Winje Agency ved Gina Winje representerer meg i utlandet – og kan kontaktast på: gina.winje@gmail.com / 918 41 150

 

Forfattarfoto: Paal Audestad

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook

Comments are closed.