På tur til Montebello-hytta

vaknar i overkøya
set meg opp og ser rett ut
i det grøne, ut i det fri, og ingen
stad i verda er det meir virrevakkert
enn her på hytta, to timar heimanfrå, opp
gjennom skogen, opp og fram, opp og bort
svingande sti og bølgjande skog, inn i det
løyndomsfulle, til vi er framme på vollen
med flaggstonga og glatte berget, med
moen og solveggen, på hytta som
pappa og kompisane bygde då
dei låg her inne, då dei var
gutta på skaugen (…)

Denne veka fekk eg for tredje gong gleda av vere med til eit lite paradis i skogen over Lommedalen: Montebellohytta, her skildra i Manilahallen (2014) – ei bok basert på livet til Berit Bjerke. Takk for turen til Berit og mannen Einar!