SIGD – EIN POETISK KONSERT 

Sigd er ein poetisk konsert med Benedicte Maurseth (hardingfele og vokal) og Ruth Lillegraven (opplesing). Teksten er basert på diktsamlinga Sigd (2016). I 2016 og 2017 har det vore totalt 12 framføringar. Ta gjerne kontakt om du er interessert i å få oss på besøk. 

«Benedicte Maurseth er ein mester. Ein meister til å lytta, ein meister til å skapa dei vibrasjonar ho fangar om til stemningar og fargar. Ho, fela og røysta er eitt … Ruth Lillegraven er på si side ein meisterleg opplesar. Klårt og tydeleg ber ho fram teksten, og med enkel dramaturgi formidlar ho det dramaet som utspelar seg på småbruket mellom himmel og hav. Dei milde orda skjer som ein sigd.»

Nils Kvamsdal, Hordaland (lokalavisa for Voss og omegn) om konserten på Voss 28.10.2017

Musikken er ein kombinasjon av nyskriven musikk av Benedicte Maurseth og tradisjonell folkemusikk.

Skodespelar Gard Skagestad har bidratt til konserten med utval og regi.

Benedicte Maurseth (f. 1983, i Eidfjord i Hardanger) har som folkemusikar i mange år bruka det litterære landskapet som inspirasjon til sitt musikalske arbeid. Ho har spelt til ei rekkje ulike forfattarar og skodespelarar sine opplesingar, og har i tillegg komponert musikk til Jon Fosse sine romanar Andvake og Morgon og Kveld ved Det Norske Teatret og Nationaltheatret.

Musikken til forteljinga Sigd er ei blanding mellom improvisasjonsmusikk, tradisjonell folkemusikk og nykomponert folkemusikk for hardingfele og vokal. Benedicte lyttar og brukar rytmen og strukturen til teksten og opplesaren, og limer det saman med slåttar og lydlandskap som gjev puls og pust og underbyggjer og kontrasterer forteljinga.

Benedicte Maurseth har i tillegg til turneverksemd i inn- og utland også fleire CD-utgjevingar bak seg og har gitt ut boka Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

Om du er arrangørar og interessert i denne konserten – ta gjerne kontakt!

FØRESTILLINGAR TIL NO :

2016
Hardanger musikkfest 13. mai (Eidfjord)
Hardanger musikkfest 14. mai (Odda)
Dei nynorske festspela 26. juni (Hovdebygda)
Olav H. Haugesenteret 07. august (Ulvik)
Siljustøl museum, 23. oktober (Bergen)
Gloppen bibliotek 25.november (Gloppen)
Jakob Sande Løa, 26.november (Dale i Sunnfjord)
Svidal ungdomshus,27.november (Jølster)

2017
Vindtornfestivalen, 22. mars (Drammen)
Litteraturhuset, 23. mars (Fredrikstad)
Nynorskens hus, 24.3 (Oslo)
Osafestivalen, 28.10 (Voss)
Nynorske litteraturdagar, 29.10 (Flåm)

****

SOGA OM SESELJA – EIT PORTRETT I ORD OG TONAR (PREMIERE 2014)

Gjennom ord, song og tonar møter vi den einslege syerska Seselja, som lever og arbeider på første halvdel av 1900-talet.Dikta som førestillinga byggjer på er henta frå boka Urd.

Musikk og song ved toradarspelar Rannveig Djønne og vokalist/felespelar Tuva Syvertsen (på Vossa Jazz var Annlaug Børsheim vikar for Annlaug Børsheim). Opplesning ved Ruth Lillegraven.

Musikken er ein kombinasjon av nyskriven musikk og tradisjonell folkemusikk.

Takk til Nynorskens hus som har vore initiativtakar og viktig bidragsytar undervegs – og til skodespelar Gard Skagestad som bidrog til konserten med utval og regi.

«Mange måtte dessverre snu i døra då dei prøvde å komme inn i ein stappfull Osasal for å høyre Soga om Seselja. Dei heldige som fekk plass, fekk til gjengjeld ei oppleving av dei sjeldne.»
Les resten av omtale av konserten vår på Vossa Jazz her. 

Per i dag er det ingen planlagte konsertar, men ta gjerne kontakt dersom du er arrangør og interessert i denne konserten. 

TIDLEGARE FØRESTILLINGAR:

Vossa Jazz, Voss, 19.03.2016
Jakob Sande-løa, Dale i Sunnfjord, 1.11.2015
Nynorske litteraturdagar, Flåm, 31.10.2015
Litteratursymposiet i Odda, Ullensvang kyrkje, 11.10.2015
Lillehammer Litteraturfestival, 31.05.2015
Mattisrud gard, Løten, 30.05. 2015
Haugesenteret, Ulvik, 25.04. 2015
Nynorskens hus, Oslo, 15.11. 2014


 

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook

Comments are closed.