Sigd

SIGD

Vinnar av Nynorsk litteraturpris 2016!

Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren og fedrane før han. Som ung mann treffer han Abelone, giftar seg med henne og tek over garden. Framtida ser ljos ut – til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og garden lyt seljast. Kven er han utan retten og plikta han er fødd til? Kva skal han no leve for? Det er då bøkene kjem, frå andre sida av havet, og tek Endre med ut i verda.

Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt – men samstundes storslått – liv, om dei universa bøkene kan opne, og korleis ein mann som er bunden til senga, kan ta del i oppdagingar i land langt borte. Det er ei forteljing om ei tid som ikkje finst meir, men som likevel er til å kjenne att. Og det er kjærleikshistoria om Endre og Abelone – som til slutt må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

Høyr Diktafon om Sigd her

Intervju i Bergens Tidende

Sjå video der eg les eit utdrag frå prologen i Sigd. 

 

MELDINGAR

«Fortjener en fullsatt bybane av lesere […] Så klanglig, så godt orkestrert, og så vakkert at den oppleves som helstøpt»
Silje Stavrum, Bergens Tidende (5 HJARTE) 

«Klokt og elegant gjennomført […] På det eksistensielle planet er dette vakkert diktet om det brennende ønsket å nå frem til den som står en nærmest, uten å finne metode eller nøkkel, om lengsler en vet aldri går i oppfyllelse, men uten å gi lengselen opp likevel.»
Fartein Horgar, Adresseavisen (TERNINGKAST 5) 

«Ruth Lillegraven leverer sterkt igjen. […] Sigd er som et kunstverk der ulike mønstre henger sammen og danner et harmonisk hele, og gir oss innblikk i et liv som var/kunne ha vært.»
Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

«Det lyriske språket er aldeles nydelig … Lillegraven leverer igjen og for meg var denne diktsamlingen helt på høyde med Urd … Anbefales varmt og inderlig!k»
Beathes bokhjerte

«Lillegraven skriver lett poesi i ordets beste betydning. … Sigd er rett og slett en flott diktsamling.»
Henning Howlid Wærp, Aftenposten

«Store temaer behandles klart og klanglig … Endres liv blir ikke lett, og Lillegraven formidler med overveldende gehør og følsomhet dagene hans »
Maya Troberg Djuve, Dagbladet (TERNINGKAST 5)

«Hennes beste dikt. … Først og fremst er det en sterk og øm lyrisk stemme til stede i denne lydhøre og fabulerende diktsamlingen. Og Ruth Lillegraven markerer seg med dette som en helt spesiell stemme som bygdeskildrer i samtidslyrikken..»
Geir Vestad, Hamar arbeiderblad

«Forteljinga tematiserer blant anna kor identitetsskapande språket er, og kor mykje kraft og frigjering det ligg i å finne sitt eige språk, korleis mennesket må klare å definere seg på nytt og korleis hendingar i livet kan opne opp for nye vokabular i oss. Men forteljinga handlar også om korleis ein taklar tap i livet: tap av søner, fedrar, tap av språk, tap av livsgjerning. Likevel er det ikkje ei dyster bok, men ei bok med mykje kjærleik i … Sigd er ei heilt nydeleg bok.»
Marit Brekke, Nynorskbok.no – les heile meldinga her

«Ei forteljing med sterk personleg nerve. … Til tider grip dette sterkt i kjensle- og tankelivet. Den som vil ha ei diktsamling som samstundes fortel ei gripande historie, har her boka –og det på flott nynorsk!»
Johannes Kleppa, Dagen

«Lillegraven inndrar folketro, slektshistorie og andre tidsmarkører i denne kloke og såre samlingen, der Endres livsskjebne danner bærebjelken. Og den nynorske klangfargen i diktene er en fryd å oppleve.»
Arne Hugo Stølan, VG (TERNINGKAST 5) 

«Gjennom å byte synsvinklar, by på ei variert typografisk utforming, ved å veksle mellom rytmiske diktsekvensar og prosastykke der indre monologar vert presenterte, lagar Lillegraven ein mangslungen mosaikk der natur, historie og livssoge vert vovne saman. … Også denne diktsamlinga, som toppar statistikken over selde lyrikkbøker, viser kvaliteten i forfattarskapet hennar.»
Sindre Ekrheim, Dag og Tid

«En vakkker diktsamling med korte, bratte verselinjer nedover og oppover idene bringer leseren fremover i det vestlandske landskpaet, i en familiesaga som strekker seg bakover og fremover. Elegant»
Guri Hjeltnes.

Sigd

  • ISBN: 9788210055157
  • Utgitt: 2016

Til forlaget

Lagre

Save

Save

Save

Save

Save

Share on Google+Pin on PinterestPrint this pageEmail this to someoneTweet about this on TwitterShare on Facebook

Comments are closed.