Til Sogndal, til Sogndal

Torsdag 30. mars skal eg besøke vakre, vene Sogndal. På formiddagen blir det opplesing i biblioteket frå småbarnsbøkene om Mari og Magnus. Ein barnehage kjem for å høyre på. Etter eit lite besøk på Høgskulen der eg skal snakke for nokre studentar om boka Å lytte til hakkespetter. Naturen som terapeut, blir det bokkveld på biblioteket 19.00. Der vil eg fortelje om arbeidet mitt og lese frå dei ulike bøkene mine – truleg med hovudvekt på Urd, Manilahallen og Sigd – men kanskje blir det også nokre dikt frå barnediktboka
Eg er eg er eg er. Eg gler meg!