Urpremiere på Sigd – ein poetisk konsert

alt det skal gå godt med / lyt gjerast på veksande måne 

står det ein stad i Sigd, den nye boka mi, som kjem i august. Av og til kjem konserten før boka – og fredag 13. mai hadde den fantastisk flinke Benedicte Maurseth (hardingfele og vokal) og eg urpremiere på poesikonserten Sigd i Gamle Eidfjord kyrkje. Og sjølv om den ikkje kom med på biletet, var det veksande måne, altså. Allereie dagen etter var det konsert i Sentralbadet litteraturhus i Odda. No gler me oss til forsetjinga – neste konsert blir på Dei nynorske festspela i juni.