Jørn Hilmestemnet – Den store intime festivalen

Fredag 12.juli kl 22.30

Konsert: Rannveig Djønne og Ruth Lillegraven
Stad: Høyne skule/ Valdres folkemuseum

Laurdag 13.juli kl 16.00

Jørn Hilme-stemnet – den store, intime festivalen – vart skipa alt i 1960 og er den eldste folkemusikkfestivalen i Noreg, og var frå starten ein miks av kappleik, konsertar, dans og teater. Det gjer festivalen til ein nestor i det organisatoriske folkemusikkarbeidet i landet, og eit nav for alt folkemusikkarbeid i regionen. Hilme er hjartet i folkemusikken i Valdres, men er ikkje ein festival berre for Valdres, men er ein smeltedigel for alle tradisjonsområde i landet.