Monthly Archives oktober 2018

okt 07, 2018

Alt er mitt seld til Polen

«Alt er mitt» seld til Spania (forlaget Maeva) – som tredje land etter Tyskland og Polen. Takk til min kjære agent Gina Winje. Og takk til supre Kagge forlag har samla godord om boka på denne plakaten. Stor stas sjølv for ei som likar langt betre å skrive bøker enn å lansere dei. Blir så glad om boka når fram til mange fine lesarar!

Sticky
0
Share
okt 06, 2018

Klart for Kunstfest 2018 på Bærums verk

For 6. år på rad inviterer kunstnarane, designarane og kunstformidlarane på Bærums Verk til kollektivutstilling i Gassbygningen. I år er temaet MINNER. Opning onsdag 10. oktober kl. 19.00!  Sjølv skal eg stille ut ferske bøker på utstillinga, ha vakt på utstillinga 12.10 og og lese på Strikkekafé 15.10. Biletet viser det nye kjennemerket som er laga til årets utstilling. Det er henta frå dei gamle omnane, og står for Bærums (jærn) Verk – med oldtidssymbolet for jarn.
Les meir om Kunstfest her

 

 

Sticky
0
Share