Haustens første Salongen-dikt – til Olaug Nilssen

sep 29, 2017

Haustens første Salongen-dikt – til Olaug Nilssen

0
Share

Få bøker har gripe meg slik Olaug Nilssens nye roman Tung tids tale gjorde då eg las den nokre morgontimar førre laurdag. Sterk, sannferdig, imponerande, rørande, vond, velskriven, viktig – you name it! All merksemd og alle godord denne boka har fått er så inderleg vel fortent. Dette er ei bok mange – eller helst alle – burde lese. I dagens Salongen kan du høyre Olaug snakke klokt og interessant om boka. Med på kjøpet får du eit slags dikt til henne frå bilen hennar – med underteikna som mellomkvinne. Og her kan du lese meir om boka Tung tids tale

Comments are closed.