PÅ BLÅHAVET (frå Sigd, 2016)
det er
haust i skogen
snart er det vinter
snart skal skogen
sove så stille
og svart
men enno bølgjer
og blafrar han, enno
glitrar og glimer han
enno glør og blør
og brenn han
ein morgon ligg det der
eit diamantstrødd slør av
spindelvev og skogsskodde
mellom alt som har vore
og alt som skal kome
alt som skal rotne
og alt som skal
gro
det glitrar, glimer
og berre er
eg går og går, og
skogen dreg sitt grøne
raslande slep etter seg
til også eg er grøn og
raslande, til skogen
er meg og eg er
skogen
og her finst det ikkje
regnrasle eller trolltusle
berre sagasus og svartsol
mauremor og maurefar
billemor og billefar
og strå høge som
mannen sjølv
eg går og går
og slik konglene
opnar seg, lag på lag
slik opnar skogen seg
til eg kjem til ei glenne
der blømer blå blomar
sjølv i september
aldri før har eg vore nett her
aldri har eg sett desse blomane
så blå og små, saman er dei
ein sommardagsfjord
eg kikar kring meg
vassar uti, legg meg
på rygg, kikar opp
i himmelen
hatlegreiner som
fars tynne blodårer
grønt lav som størkna
sky
krunene på grantrea
som kjerrehjul rundt
og rundt der oppe
alt kan eg gjere
alt kan eg vere
så byrjar eg
symje av garde
på blåhavet