Foto: Ingerid Jordal, Hordaland
Då eg var ei lita jente i Granvin var Voss ein verdsmetropol. Og det hippaste, kulaste og dermed mest fryktinngytande av det heile: denne eksotiske greia dei kalla VOSSA JAZZ! Biletet av Voss som har justert seg noko. Dette med Vossa Jazz, derimot, det slepper ikkje taket. Difor har det vore både prestasjonsangst og skrivesperre forbunde med å skrive noko til opninga av Vossa Jazz 2016. Kva eg til slutt skreiv? Eg måtte jo prøve å skrive jazz eg også, då! Her kjem det, jazzdiktet mitt.
ALL DENNE JAZZEN
lyden av
snø frå gråsida
lyden av spiren
som strekkjer seg
opp av molda, mot
lyset, mot lyset
lyden av solbrillene
som kjem på og
kleda som
går av
lyden av
eggeskal
appelsinskal
programhefte
og påskeliljer
alle desse
lydane alltid
alt dette som
skal opne seg
alt dette som
nærmar seg
alle fargane
alt det grøne
alt det raude
og blå og
gule
alt som skiftar
igjen og igjen
og så
desse fargane
utan fargar
det svarte
og det kvite
som eit klaver
eit sjakkbrett eller
eit trekkspel i vinden
svart og kvitt
svart og kvitt
rundt og rundt
og all denne tida
alle timane, dagane
og vekene, månad
etter månad og
år etter år
som hektene
i ein bunadsopplut
eit par beksemstøvlar
eller ei gamal kofte
hektar dei seg
i kvarandre
klikketiklikk
klikketiklikk
klikketiklikk
alle lydane
alle fargane
og alle dagane
dei sorgtunge dagane
dei håpefulle dagane
dei skrekkfrydblanda
dagane
alt
hektar seg saman
og blir musikken
musikken inni oss
og mellom oss
og rundt oss
og lengst
inni musikken
inni det såraste
bitraste, gladaste
vondaste, verste
og beste
der bur jazzen
å, jazzen, denne
skittengule perla
som ligg der og
lyser og lyser
denne pulsen som
dunkar og slår og
dunkar og slår
i oss
denne eigne verda
der alt er lov og
alt går an
der ei lita bygd
på vestlandet kan få
besøk av van the man
dee dee og stevie ray
og så
alle tingingsverka
sommero, brunborg,
andersen, wesseltoft
boine, molvær, alnæs
bjørnstad, rypdal, seim
gustavsen, slettahjell
seglem, roggen og
dei andre
og no: nils økland og
hans glødetrådar
ja, alt kan skje og
alt kan kome, ut frå
det blå og gule og
raude, svarte og
kvite kan det
kome
string swing og bebop
cool jazz, frijazz, fusion
og akustisk
det varme og det kalde
men i blant
blir det for mykje
for mykje mørke og
for mykje lys
for mange klangar
og tonar og kjensler
og repetisjonar
for mykje inni og
for mykje utanpå
for lange dagar og
for kræisi netter
ja, i blant
hamna dei utpå
dei gamle gutane og
dei gamle jentene
i blant blei det
for mange drinkar
for mange damer og
for mange menn
for mykje dop
for mange slag
og slåsskampar
og også for oss
som ikkje heiter miles
eller charles kan det bli
for mykje av dette som
me kallar livet
det er då det gjer godt
å vakne til utsikt over
vangsvatnet
til fjella og himmelen
til lyden av snøskavlane
og spirene og skala og
all musikken
all musikken som
trude og hennar hær
har bestilt, organisert
og jobba fram alle desse
lange dagane og nettene
rundt og rundt, hit og
dit og opp og ned
all denne musikken
som veks og minkar i oss
som gjer oss gule og blå
og raude og svarte og
i blant også kvite
musikken som
sildrar og surklar
knirkar og knitrar
buldrar og brest
som løftar
håra og hendene
føtene, knea og oss
som løftar taka og trea
og fjella og himmelen
all denne jazzen
som snart skal fylle
romma og tomromma
gatene og bygda og oss
for alt nærmar seg no
alt opnar seg
og så byrjar alt gløde
ja, alt glødar no
alt startar her
kvar rubbel
og kvar bit
all kjærleik
alt slit
alt det her
alt det der
all that jazz
alt startar NO!