Eg har fått lov å gjendikte eit utval dikt av den svenske poeten Marie Lundquist. Alle dikta er frå hennar tre tidlegaste diktsamlingar. Det har vore eit stor glede å gjendikte desse flotte dikta. Du kan lese meir – eller bestille- boka hos Samlaget.
Her står det blant anna: «Dikta til Lundquist uttrykkjer lengt, smerte og sensualitet, og språket hennar er både klart, friskt og leikent. Ho nærmar seg tema som kjærleik, parforhold og død med ein humoristisk og omsynslaus tone, og mange av tekstane rører seg over i eit draumeaktig og surrealistisk landskap. Utvalet i denne boka er basert på Marie Lundquists tre første bøker, og med denne boka blir Lundquist for første gong presentert på norsk.»
Etterord ved Steinar Opstad