for
kjærleik
er noko
som raslar
i graset på
overskya
dagar
URD
Ruth Lillegraven debuterte
som forfattar i 2005, og har
skrive ti bøker for barn og
vaksne. For boka «Urd» fekk
ho Brageprisen 2013. I 2016
kom diktsamlingane «Sigd»
og «Eg er eg er eg er»
vi får
fleire barn
større hus og
mindre tid
dei gamle
ristar på
hovudet
URD
for dei
gamle er
som tigrar
og isbjørnar
umistelege
likevel
snart
borte
URD
denne
bregnegrøne
fugleungemjuke
tråden som spinn
mellom oss
URD
og snøen tek imot
og lauvet tek imot
og graset tek imot
breier sitt lange
augustgrøne
hår over
meg
MANILAHALLEN
stilla når snøen kjem
stilla når regnet kjem
stilla når skodda kjem
og isen og snøen og så
regnet igjen, og sola, i
regndropane, i snøen
i vinden
MANILAHALLEN