Eg har fått det ærefulle oppdraget med å vere husdiktar for Salongen på P2.Her kan du høyre dikt nummer 2 – om regjeringa som sel ut landet vårt, inspirert av Morten Strøksnes sin gode kronikk om emnet. Du kan også lese diktet her.
NORGE MITT NORGE
me hadde
så mange pengar
så altfor mange pengar
det var nesten ikkje
til å halde ut – dei
klødde i lomma
og i pungen
dei taut ut av madrassen
steig over kanten av
boblebadet
me putta dei
i nokre aksjar her
og nokre aksjar der
ein eigedom her
og ein der
så kjøpte me
ein indisk atomubåt
eller var det tre, men
det heldt ikkje å kjøpe
– me måtte også selje
for me hadde
så altfor mykje land
det klødde i lomma
og i pungen og
overalt
me hadde
så altfor mange
kvadratkilometer
med sjø og skog og
fjord og fjell
kva skal ein vel med det?
kven treng vel så mykje natur?
kven treng vel så mange tre
så mange trekruner og greiner
og kvistar og blad
kven treng vel
så mange maurtuer
og så mange maur
så mange rognebærtre
og rognebær
kven treng vel tjern utan botn
kven treng vel rotvelter og
bjørnehi og revebol
kven treng vel du hei og
bleike myr og alt det der
kven treng vel
slike fjell og dalar
kven treng vel mot
i brøstet og vet
i panna
nei, kva skal vi vel
med det, i desse tider
så lat oss selje skogen
lat oss selje statsskog og
mesta og flytoget, sas og
telenor, fanden og hans
oldemor og gebisset
hennar
sjukeheimar
og barnehagar og
skular og alt dette
lat oss få det ut på
anbod og ut av syne
det er lettast slik
det er minst styr slik
det er mest behageleg
slik
og førdefjorden, den blåe
grøne, glitrande, glimande
førdefjorden, god dag – han
gir me til eit par fyrar med
postboks på aker brygge
så let me dei
slenge nedi eit knust fjell
så fisken fell daud til botnen
så fisken ligg der og rotnar
for så å aldri å kome igjen
for kven treng vel fisk
kven treng vel sprell levande
ekte og uoppdretta fisk
nei, vekk med han
og vekk med alt, for
det er nye tider no
heilt nye tider no