Mari og Magnus er søsken, og går i same barnehage. Ein dag skjer det noko mystisk. Då småungane skal kvile er alle smokkane borte! Kanskje det er ein smokketjuv i barnehagen? Det er nok best dei spionerer litt. Og held vakt.
Dette er oppfølgjaren til den første boka om søskenparet, Mari og Magnus flyttar inn. Enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar kjenneteiknar serien, som vender seg til aldersgruppa 3 – 6 år.
Illustrert av Inger Landsem
ISBN: 9788252180275
Utgitt: 2012