Kodeklubben
SUPERHELTMASKA

Det er endeleg sommarferie. Medan Vanja, Sivert og Mo kosar seg i sola, dukkar det opp ein diger luksusbåt med eige helikopter på fjorden. Ut kjem Alexandra Liu, ei av dei største filmstjernene i verda! Ho skal spele inn ei scene til den nye superheltfilmen om Queen Hero.

 

Vanja, Sivert og Mo tykkjer det er spanande at det skal bli spelt inn film i bygda. Men det blir også mykje trafikk, støy og søppel. Så forsvinn den kostbare superheltmaska til Queen Hero. Regissøren mistenkjer Klodeklubben. No må dei finne ut kven som står bak tjuveriet, for å reinvaske seg.

 

«Klodeklubben. Superheltmaska» er femte bok i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn frå 6 år og oppover. Serien er illustrert av Jens Kristensen. Bak i kvar bok er det miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.

 

I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje.

 

ISBN: 9788234007996

Utgitt: 2022

Til forlaget

Sjå video