Mi fantastisk fine veninne Tordis Ørjasæter (90) er aktuell med ny bok, Kjærligheten har sitt eget språk. Fredag var ho i Salongen på P2 for å snakke om denne – og om masse anna. Med seg fekk ho sjølvsagt ei lita dikthelsing frå meg.
Høyr Salongen med Tordis her. Du kan også lese diktet under.
ho er ei vaksen dame
nei, ho er
ei gamal dame
— ei riktig gamal dame
som er så lett, så lett på tå
men som ikkje lenger torer
å hoppe og sprette slik ho
gjorde før, hoppe og
sprette som alle
orda og tankane
i hovudet, dei som
ikkje listar seg rundt
men framleis er djerve
og dristige
inne i den gamle dama
bur det ei lita jente, ei lita
jente som veks opp med mor
far og søster
ho går i den store parken og ser på
skulpturane og fontenene, på bruene
og trea og blomane, himmelen og
alt som er
så vakkert det er
tenkjer den vesle jenta
så vakkert det er
tenkjer den unge kvinna
ho som går i den store parken
hand i hand med han som er blitt
kjærasten hennar, han er diktarbondeson
frå oppi gudbrandsdalen, han er like fåmælt
som ho er kvitrande, på stiane og over bruene
og mellom trea
så vakkert det er, tenkjer småbarnsmora
ho som er lukkeleg og ulukkeleg, energisk
og utsliten
ho er kone og mor, sidan mormor, men
også professor, kritikar, føredragshaldar
og forfattar
ho kan alt om sigrid undset
ikkje berre om bøkene, men også
om familiemedlemmer og hus og
brev og blomar – alt det som ingen
i landet kan meir om enn henne
ho skriv tekstmeldingar og
epostar og foredrag og bøker
ho skriv om livet inni hovudet
på ei gamal dame, om dikta vi
har saman og om kjærleikens
eige språk
ja, ho skriv og ho les
og ho steller i stand til selskap
hentar fram det fine koppestellet
og dekketøyet, det penaste porselen
og den blåaste keramikk, gong på gong
89 år gamal dreg ho
til roma for å guide turistar
eit halvår seinare dreg ho tilbake
for å feire nittiårsdagen sin, går atter
ein gong kring i romas gater
men også i oslo går ho
ho går rundt sognsvann, ho går
i teatret, i operaen, på museum —
og til forlaget for å hente
den nye boka si
om nettene hender det ho ligg vaken
og uroar seg over store ting og små ting
slik både gamle damer og yngre damer
— og sikkert også nokre menn – i blant
ligg vakne og uroar seg
men så kjem dagen og lyset
— det strålande lyset —
det kjem inn frå to sider, så
heile leilegheita er lys, berre lys
då strekkjer ho seg, og så stiller ho seg opp
ved vindauget, ser ut på byen og verda og
parken, der ho snart skal rasle med føtene
i gule og raude haustlauv
så vakkert det er, tenkjer ho
og så smiler ho, og så seier ho det høgt
så vedunderleg vakkert det er
seier ho