ginawinje

Winje agency – mitt nye agentur

Eg har fått meg litterær agent – det er stor stas. Gina Winje har i haust starta opp Winje Agency. Ho har tidlegare mellom anna jobba i Aschehoug Agency og vore direktør for Norla. Jon Fosse og eg er hennar to første forfattarar – for eit selskap! Eg er stolt over å få vere med Gina på oppstarten og har stor tru på dette. No skal ho altså mellom anna få dikta mine ut i verda. Les meir om Gina og Winje Agency her

(biletet har eg lånt frå Varden.no)