ARRANGEMENT FRAMOVER – LITA SAMLEOVERSIKT + eit lite dikt:
Etter regn kjem sol, og etter vinter kjem vår. For tida prøver eg mest å skriva – og måla litt – det er i grunnen meir enn nok. Men den neste veka skal eg litt ut på vegen, og det blir kjekt. Første oppdrag er alt i Ulvik i morgon. Her er heile oversikta over stader, ilustrert med eit bilete av våren som kjem til Granvin og eit frå Åsane bibliotek i haust, der eg blei intervjua av Marie Amdam.
18.4: Ulvik bygdekvinnelag / Ulvik folkebibliotek klokka 1900
22.4: Tokke folkebibliotek klokka 1900
23.4: Vinje folkebibliotek klokka 1800
24.4: Nissedal folkebibliotek klokka 1800
26.4: JERNROSA, Odda
I Odda skal eg halda ein liten prolog + intervjua Amalie Kasin Lerstang. Dei andre stadene skal eg mest snakka om bøkene mine.
Veldig velkomen om du er i nærleiken her eller der og har tid og lyst! Så er det «sommarpause» frå oppdrag fram til slutten av august, bortsett frå Vise og lyrikkfestivalen i Haugesund 1. juni og 12./13. juli på Jørn Hilmestemnet, Fagernes, med Rannveig Djønne.
PS: Arrangøren ved Nissedal bibliotek, Sigrid, sende meg dette passande Sivle-sitatet i dag:
Å, kunne eg fara til Telemark
og leva ei sumarstund!
Der gror det ryllik på stovetak
og songar på folkemunn.
[…]
Per Sivle