449771232_10169685477470311_3887609589825128649_n

SOMMAROPPDRAG

Det blir nokre framføringar dei neste månadane òg. Det meste skjer ganske nær heimen, og halvparten alt neste torsdag 11.07 – laurdag 13.07. Tjuvstartar helga med noko eg knapt har gjort før: «soloshow» på heimebane i Granvin. Resten av sommaren blir i trygge musikalske rammer – først når Rannveig Djønne og eg skal til Fagernes og Jørn Hilmestemnet fredag og laurdag. Det vert kjekt å få opptre saman med ein av mine favorittmusikarar att, ti år sidan første gong, trur eg! På tampen av sommaren får me to òg forsterking av Annlaug Børsheim, då i Kapellankåken på Voss under Langs Linjo 2024. Og i mellomtida er det tidenes første Håstadbø folkemusikkfest. For dei som kunne tenkje seg å få med seg noko av dette, kjem lista under her, og under Komande arrangement.


OPPDRAG I JULI OG AUGUST:


11.07 klokka 17.00: Open dag i Bygdetunet, Granvin
Eg les (nytt og gamalt i ny blanding) og fortel litt klokka 18.00.


12.07 klokka 22.30: Jørn Hilme-stemnet, Fagernes
Konsert saman med Rannveig Djønne på torader.


13.07 klokka 16.00: Jørn Hilme-stemnet, Fagernes
Barnekonsert saman med Rannveig Djønne på torader.


Deltek på større program på Håstadbø denne dagen.


Konsert saman med Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim


Samtale med Anne Rivenes og Marit Eikemo.


… og så er det haust!



Kom om du har tid og lyst! God sommar så lenge!