Bokhausten er i gang

I helga var det klart for haustens første reise – og litteraturfestival: Ulvik poesifestival, med Naturtap som tema. Perfekte omgjevnader – med glitrande fjord og frodige eplehagar. Eg besøkte Brakanes skule med Klodeklubben-bøkene, deltok på opninga, las heile Olav H. Hauges Dropar i austavind frå scenen og framførte barnedikt saman med musikar Annlaug Børsheim. Dei neste månadene byr på mange fleire reiser og oppdrag, følg med under Arrangement.