9788252198744_Lillegraven_Klodeklubben1_Ny-R

Klodeklubben bok 1 og 2 ute no

Saman med illustratør Jens Kristensen har eg laga ein ny serie – om detektivgjengen Klodeklubben. Og no er dei to første bøkene ute! Målet, bortsett frå at dei skal vere underhaldande og spennande, er at bøkene skal inspirere både ungar og vaksne til å ta vare på den fine naturen vår💚 Og symbolsk nok er det ungane som må rydde opp i trøbbel dei vaksne har laga. Er glad for at me har fått lage desse bøkene, som eg synst me treng, for Jens sine superkule illustrasjonar – og for at Ole Mathismoen har bidratt med miljøfakta bakerst. Tusen takk til alle dei involverte hjelparane innanfor og utanfor Samlaget også – med redaktør Brynjulf Jung Tjønn i spissen ❤