
gule lauv ligg og lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

molda og vatnet
himmelen og elden
alt dette skal
vere mitt
alt dette skal
vere eg

frost, seier pappa
stjernestøv
spør du meg
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE
Klar for Falturiltu 2017!
7.-9.11 er det klar for årets siste oppdrag: då deltek eg på den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Eg skal lese på konsert i Stord kyrkje, besøke 3 skular med barnediktboka Eg er eg er eg er – og vere med i panelsamtale på seminaret torsdag. Og så er det …
Live-sending frå Det Norske Teatret
1. november var eg med på ei livesending frå Det Norske Teatret – der dei presenterte vårlista si. Eg fortalde om mitt nye teaterstykke, Cally, som skal ha premiere på sjølvaste 8. mars. Her kan du sjå sendinga – og få vite meir om stykket mitt
Særs fin omtale til poesikonserten Sigd
Wow! Etter 12 framsyningar blir poesikonserten Sigd plutseleg anmeldt. Særs fin omtale av Nils Kvamsdal i Hordaland – lokalavisa for Voss og omegn. Han skriv blant anna «Benedicte Maurseth er ein mester. Ein meister til å lytta, ein meister til å skapa dei vibrasjonar ho fangar om til stemningar og …
KOMANDE ARRANGEMENT
BØKER
Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.
TEATER
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne.
Kontakt:
Prisar
2018:
Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt2016
Nynorsk Litteraturpris for Sigd2013:
Bokbloggerprisen for Urd2013:
Brageprisen for Urd2012:
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond