
gule lauv ligg og lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

molda og vatnet
himmelen og elden
alt dette skal
vere mitt
alt dette skal
vere eg

frost, seier pappa
stjernestøv
spør du meg
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE
Samtale med Herbjørg Wassmo på Filmens hus 28.8
Då eg var tenåringsjente slukte eg Herbjørg Wassmos Dina-bøker. I sommar har eg lese dei opp att – med stor glede. 28. august fekk eg nemleg samtale med Herbjørg om den rykande ferske og sterke oppfølgjaren, Den som ser, på lanseringa av boka. Den som ser handlar mest om Dinas …
Sommarpraten hos Bok 365
Eg er sommergjest hos Bok 365, der eg blant anna snakkar om nokre fine bøker eg har lese i det siste. Intervjuet kan du lese her. Biletet er frå heimgarden i Granvin, der første del av ferien blir tilbrakt. God sommar, folkens!
På tur til Montebello-hytta
vaknar i overkøya set meg opp og ser rett ut i det grøne, ut i det fri, og ingen stad i verda er det meir virrevakkert enn her på hytta, to timar heimanfrå, opp gjennom skogen, opp og fram, opp og bort svingande sti og bølgjande skog, inn i det …
KOMANDE ARRANGEMENT
BØKER
Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.
TEATER
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne.
Kontakt:
Prisar
2018:
Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt2016
Nynorsk Litteraturpris for Sigd2013:
Bokbloggerprisen for Urd2013:
Brageprisen for Urd2012:
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond