
gule lauv ligg og lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

molda og vatnet
himmelen og elden
alt dette skal
vere mitt
alt dette skal
vere eg

frost, seier pappa
stjernestøv
spør du meg
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE
Litteraturhuset i Bergen 4 år
31. januar feira Litteraturhuset i Bergen heile 4 år. Eg tok toget fram og tilbake over fjellet (biletet er teke på veg tilbake) for å vere med på feiringa – og lese. Eg las tre dikt frå Eg er eg er eg er – og eit spesialskrive bursdagsdikt, som dei som vil kan …
Lesning av Sigd på Det Norske Teatret
17. og 20. januar skal Sigd lesast opp på Det Norske Teatret. Gard Skagestad, Morten Svartveit og Ingeborg S. Raustøl skal lese. Det heile skjer på scene 3 – les meir her.
Intervju på Framtida.no
Framtida.no var på Falturiltu i november og intervjua meg der. No er intervjuet lagt ut. Det handlar om alt frå diktanalyse til taleskriving. Du kan lese det her. Og nei, det er ingen openbar samanheng mellom intervjuet og biletet – for dei som måtte lure.
KOMANDE ARRANGEMENT
BØKER
Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.
TEATER
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne.
Kontakt:
Prisar
2018:
Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt2016
Nynorsk Litteraturpris for Sigd2013:
Bokbloggerprisen for Urd2013:
Brageprisen for Urd2012:
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond