
gule lauv ligg og lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

molda og vatnet
himmelen og elden
alt dette skal
vere mitt
alt dette skal
vere eg

frost, seier pappa
stjernestøv
spør du meg
POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE
Siste Sigd-konsert for i år overstått
Sundag 27. november avslutta Benedicte Maurseth og eg Sigd-turneen for i år. No har vår vesle, poetiske konsert vore i Eidfjord, Odda, Hovdebygda, Ulvik, Bergen, Sandane, Dale i Sunnfjord og Jølster sidan midten av mai. Dei tre siste konsertane gjekk av stabelen siste helga i november. No tek me lang …
Lite utdrag frå Sigd på Youtube
Tiden Norsk Forlag har fått laga fine små videoar med haustens forfattarar. Her er eit ørlite utdrag frå prologen i Sigd, siste halvdel. Det er forfattaren sjølv som les, som det heiter. Klippet kan du sjå her. Og heile prologen kan du lese her: ALL DENNE STEINEN alt fell i …
Sigd og Disse dagene, dette livet på lyrikktoppen
Både Sigd og Disse dagene, dette livet – diktantologien eg har redigert saman med Tordis Ørjasæter – er inne på lyrikklista for oktober. Bok 365 har skrive om det her. Dei har også sitert det fine diktet Sneen smakte, av Gunvor Hofmo. Diktet er med i antologien vår. Sneen smakte …
KOMANDE ARRANGEMENT
BØKER
Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.
TEATER
Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne.
Kontakt:
Prisar
2018:
Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt2016
Nynorsk Litteraturpris for Sigd2013:
Bokbloggerprisen for Urd2013:
Brageprisen for Urd2012:
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond