POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE

Sigd seld til indiske Seagull Books

Legendariske Seagull Books i India har no kjøpt rettane til å gi ut Sigd på engelsk. Seagull Books er eit uavhengig kvalitetsforlag som gir ut verdslitteratur i oversetjing til engelsk, med distribusjon i Storbritannia og USA, i tillegg til India. Dette er første gong noko av mine bøker blir oversett. Seagull Books …

Mini-intervju i Bok 365

Nettstaden Bok 365 har ein fast spalte der dei intervjuar ulike forfattarar. No er turen komen til meg. Her fortel eg litt om både Sigd og Eg er eg er eg er, i tillegg til arbeidsvaner og nettvaner – og ein masse anna. Intervjuet kan de lese her.

Strålande melding til Eg er eg er eg er i Bokvennen

«Lillegravens dikt er ganske enkelt i særklasse. De får meg til å ville insistere på en kanon i skolen. Og de tåler godt å leses igjen. I grunn blir de bedre for hver gjenlesing, særlig på grunn av alle de forbindelser og kontraster man stadig oppdager» skriv Aasta Marie Bjorvand …

BØKER

Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.

TEATER
67217942_2142129765916457_1504004230304759808_o

Husmann

Premiere 13. juli 2019
Husmann er ei musikalsk framsyning – tinga av husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik. Les meir her.

Les meir
20191031-dnt-sigd-0135 (2)

Sigd

Premiere 7. november 2019
Basert på boka Sigd (2016). Regi: Peer Perez Øian. Går på Det Norske Teatret til 21.12 2019. Les meir her.

Les meir
Det Norske Teateret

Cally

Premiere 8. mars 2018
Cally er teaterstykket om songar, forfattar og teatersjef Cally Monrad. Regi: Maren Bjørseth. Les meir her.

Les meir
Forfattar Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne. 

Kontakt:

Prisar

  • 2018:
    Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt
  • 2016
    Nynorsk Litteraturpris for Sigd
  • 2013:
    Bokbloggerprisen for Urd
  • 2013:
    Brageprisen for Urd
  • 2012:
    Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond