POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE

Intervju i Vårt land

Eg har blitt intervjua om dei to nye bøkene mine i fleire aviser, men berre intervjuet i Vårt land ligg gratis ute – det kan du lese her om du vil.

God sommar!

Puh! Etter ein travel vår og ditto sommar, der eg har jobba på fire bøker samstundes, vore festspeldiktar på Dei nynorske festspela, spelt tre Sigd-konsertar saman med den fantastiske Benedicte Maurseth pluss ein heil del anna, har eg gått inn for landing i heimlandet barndom.

Sigd – kjem i august

Den nye diktboka mi for vaksne, Sigd, blir lansert 7. august – med poesikonsert i Ulvik. Boka fortel om Endre, som veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren og fedrane før han. Som ung mann treffer han Abelone, giftar seg med henne og tek over garden. Framtida …

BØKER

Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.

TEATER
67217942_2142129765916457_1504004230304759808_o

Husmann

Premiere 13. juli 2019
Husmann er ei musikalsk framsyning – tinga av husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik. Les meir her.

Les meir
20191031-dnt-sigd-0135 (2)

Sigd

Premiere 7. november 2019
Basert på boka Sigd (2016). Regi: Peer Perez Øian. Går på Det Norske Teatret til 21.12 2019. Les meir her.

Les meir
Det Norske Teateret

Cally

Premiere 8. mars 2018
Cally er teaterstykket om songar, forfattar og teatersjef Cally Monrad. Regi: Maren Bjørseth. Les meir her.

Les meir
Forfattar Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne. 

Kontakt:

Prisar

  • 2018:
    Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt
  • 2016
    Nynorsk Litteraturpris for Sigd
  • 2013:
    Bokbloggerprisen for Urd
  • 2013:
    Brageprisen for Urd
  • 2012:
    Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond