POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE

Takk for meg til Dei nynorske festspela

23. – 26. juni hadde eg gleda av å vere festspeldiktar ved Dei nynorske festspela 2016. På biletet er eg saman med programansvarleg Åshild Widerøe som hadde snekra saman mykje av det rikhaldige programmet.

Verdas første Erlend Loe-dikt

Heldige meg har fått intervjue Erlend Loe på scenen to gonger siste året – i Odda og i Skien. Så fjetra blei eg av den kule og kloke herr Loe, at eg laga eit dikt om han, Andreas Doppler og elgen Bongo. Det blei sendt på Salongen på P2 i …

Terningkast 6 til Mensen-antologien

Gyldendal Norsk Forlag har gitt ut ein antologi om Mensen – som halvparten av folket har, men som nesten ingen snakkar om. Allereie før boka kom ut, fekk den terningkast 6 av Guri Hjeltnes i VG. Masse flinke damer har skrive og teikna – eg er superstolt over å få …

BØKER

Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.

TEATER
67217942_2142129765916457_1504004230304759808_o

Husmann

Premiere 13. juli 2019
Husmann er ei musikalsk framsyning – tinga av husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik. Les meir her.

Les meir
20191031-dnt-sigd-0135 (2)

Sigd

Premiere 7. november 2019
Basert på boka Sigd (2016). Regi: Peer Perez Øian. Går på Det Norske Teatret til 21.12 2019. Les meir her.

Les meir
Det Norske Teateret

Cally

Premiere 8. mars 2018
Cally er teaterstykket om songar, forfattar og teatersjef Cally Monrad. Regi: Maren Bjørseth. Les meir her.

Les meir
Forfattar Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne. 

Kontakt:

Prisar

  • 2018:
    Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt
  • 2016
    Nynorsk Litteraturpris for Sigd
  • 2013:
    Bokbloggerprisen for Urd
  • 2013:
    Brageprisen for Urd
  • 2012:
    Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond