POSTAR FRÅ INSTAGRAM
NYHENDE

Nynorsk kvinnekraft på kvinnedagen

Gjettt om det var stas å få lese saman med Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug på arrangementet venelaget Samlagsrota arrangerte på Litteraturhuset 8. mars. Guri Vesaas frå venelaget leia det heile, Kjartan Fløgstad samtalte med oss – og kronprinsesse Mette-Marit innleia. Stas! …

Min skrivehistorie: Bror ballblom i skogen

I haust kom boka Skrivehistorier på Flamme forlag. Der fortel ei lang rekkje norske forfattar om si skriving. Morosame, triste, desperate og inspirerande små forteljingar. Sjølv skreiv eg om korleis ein gul blom i skogen fekk meg til å skrive Urd. Teksten får du her: 

Mitt museum: Henie Onstad kunstsenter

Ein artig ting med å vere forfattar er når ein blir utfordra til å skrive om heilt andre ting ein vanlegvis skriv om. I haust spurde Aftenposten K om eg ville skrive for dei om mitt forhold til eit sjølvvald museum. Eg valde Henie Onstad kunstsenter – og her er …

BØKER

Sorry, we couldn't find any posts. Please try a different search.

TEATER
67217942_2142129765916457_1504004230304759808_o

Husmann

Premiere 13. juli 2019
Husmann er ei musikalsk framsyning – tinga av husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik. Les meir her.

Les meir
20191031-dnt-sigd-0135 (2)

Sigd

Premiere 7. november 2019
Basert på boka Sigd (2016). Regi: Peer Perez Øian. Går på Det Norske Teatret til 21.12 2019. Les meir her.

Les meir
Det Norske Teateret

Cally

Premiere 8. mars 2018
Cally er teaterstykket om songar, forfattar og teatersjef Cally Monrad. Regi: Maren Bjørseth. Les meir her.

Les meir
Forfattar Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (født 1978) kjem frå Granvin i Hardanger. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut til saman ni bøker for barn og åtte for vaksne. 

Kontakt:

Prisar

  • 2018:
    Maurits Hansen-prisen Nytt blod for Alt er mitt
  • 2016
    Nynorsk Litteraturpris for Sigd
  • 2013:
    Bokbloggerprisen for Urd
  • 2013:
    Brageprisen for Urd
  • 2012:
    Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond